søndag 31. januar 2016

Ein lang, kjedeleg og stressande kvardagen på fredag av meg

Eg har stått frå den mjuke senga mi etter å ha skrudd av den høge alarmen min. Sola skinnar rett i gjennom det glatte vindauget som gjev meg meir energi om morgon. Det er fredag og eg tenkjer på dei 2 store prøvene eg skal ha. Ja, 2 store prøver skal eg ha. Er ikkje den stressande a? Eg ser at klokka er 7:50 . Eg vert skikkeleg stressa og har berre 25minutt på meg å verta klår. No er det berre på tida å ta meg på kleda, eta frukost og gå rett til skulen. Eg veit at dagen i dag er lang og det er mykje å gjera. Uansett dagen er lang så er det ikkje lenge til helgen. Helgen er noko eg gleder meg alltid til, men det er dumme er at vi har prøve på måndag. For ei stressande veke tenkjer eg. Lærarane vert jo aldri slitne på å laga og rette prøver. Etter prøvane som gjekk heilt fint skulle eg til Oslo. Til Oslo skulle vi vitja ein gammal bestevenn av faren min. Så frykteleg kjedeleg tenkjer eg, men han var ganske hyggeleg og hadde rett nok laga mykje god indisk mat til oss. Eg hadde ein hyggeleg kveld der med familien min likevel. Rett nok drog vi der i frå omtrent om klokka. 12:00 og kom heim etter ein time etter. No var det berre å leggja seg å sova til neste dag og få starten sin på dagen igjen.


Mykje å gjrre og mykje å hugse. (Bilete henta frå Google https://www.google.no/search?q=stress&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0ahUKEwj2l6Pq9dTKAhXMEiwKHRmgDkcQ_AUIBygB&biw=1280&bih=653&dpr=1.5#imgrc=16tXfis738p1JM%3A 31.01.16)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar